NTF jubilerer!
Kvinners Frivillige Beredskap (KFB) ble stiftet 9. april 1951 etter initiativ av H.K.H. Kronprinsesse Märtha.
Gjennom 75 år har Norsk TotalforsvarsForum vist at det er eit behov for frivillig engasjement for totalforsvaret. Torsdag 9. april var Hennar Majestet Dronning Sonja til stades ved markeringa.
Ei rekkje personar og organisasjonar var til stades i Artilleriloftet på Akershus festning 9. april for å feire Norsk TotalforsvarsForum. Ukrainas ambassadør til Noreg, Gavrysh Oleksiy, var ein av hovudtalarane denne dagen. Han peika på at sikkerheit ikkje er ein luksus, men ein fundamental menneskerett:
– Eg er ikkje her i dag berre som ambassadør, men som representant for ein nasjon der sikkerheitsberedskapen stadig blir utfordra. Bodskapen min til dykk her i dag er: Eit sterkt forsvar er ikkje ein provokasjon til krig. Det er den einaste måten å hindre det på.
Historisk organisasjon
Det var Kronprinsesse Märtha som tidleg på 1950-talet reiste spørsmålet om hjelp og arbeidsoppgåver frå kvinner knyttet til Noregs beredskap. Det var så den dåverande statsministeren, Einar Gerhardsen, som gav Claudia Olsen, leiar i Norske Kvinners Nasjonalråd, og sosialminister Rakel Seweriin i oppdrag å greie ut moglegheitene for eit breiare og meir samordna beredskapsarbeid.
Resultatet vart stiftinga av organisasjonen Kvinners Frivillige Beredskap (KFB), 9. april 1951.
Namnbyte til Norsk TotalforsvarsForum vart gjennomført i 2019, men føremålet er framleis det same: Å styrkje Noregs beredskap.
Ærespresident
Dronning Sonja er i dag ærespresident i Norsk TotalforsvarsForum, og Prinsesse Astrid, fru Ferner beskyttar for organisasjonen.
I boka «Kvinnens forsvarshistorie» frå 1990, utgjeven av KFB, skreiv Dronninga i føreordet: «Historien har lært oss at kvinnene og deres organisasjoner helhjertet har stilt opp for å verne om hjem og samfunn når landet er i krise. I en særstilling står de kvinner som under siste krig kjempet for Norges frihet.»
«Nytt fra K.F.B.» i 1958 viser den dåverande samlinga av viktige beredskapsorganisasjonar: Norges Lotteforbund, LOs kvinnenemnd, Norges Røde Kors, Norsk Folkehjelp, Norske Kvinners Nasjonalråd, Norske Kvinners Sanitetsforening, Den norske Nationalforening mot Tuberkulosen, Norges Bondekvinnelag, Norges Husmorforbund og Norges K.F.U.K.
Kilde: www.kongehuset.no
Les hele Infobrev nr. 4 2026